Myndigheit og oppgåvefordeling i eigedomsskattesaker.

Rollar – kven gjer kva?

Kommunestyret:

  • årleg vedtak om eigedomsskatt
    • utskrivingsalternativ
    • skattesats/promillesats
    • antal terminar for innbetaling
    • mogeleg fritak etter eigedomsskattelova § 7
  • vedta eigedomsskattevedtekter
  • velja medlemmer til sakkunnig nemnd og klagenemnd for eigedomsskatt (ta stilling til skattetakstnemnd eller sakkunnig nemnd)
  • mogeleg reduksjonsfaktor (står i 10 år)
  • mogeleg kontorjustering av verdet etter at takst har stått i 10 år
  • ved særlege tilhøve avgjera at ny taksering skal skje før eller seinare enn kvart tiande år

Formannskapet:

  • kan krevje overtakst (det betyr at formannskapet klagar på taksten som er fastsatt av sakkunnig nemnd)
  • handsama søknadane om nedsetjing eller ettergjeving av eigedomsskatten ved særskilte årsaker jf. § 28 i eigedomsskattelova

Eigedomsskattekontoret:

  • årleg utskriving av eigedomsskatten
    • utarbeider eigedomsskatteliste og eigedomsskattesetlar
    • ansvar for at eigedomsskatten vert fakturert saman med øvrige kommunale eigedomsgebyr
  • utarbeider forslag til “rammer og retningslinjer for taksering”
  • motta klager på eigedomsskatt
  • vedtak om retting av utskrivingsvedtak av eige tiltak (retter faktafeil)
  • avvising av for sein klage på utskrivingsvedtak
  • vedtak om pålegg til skattytar om å gje opplysningar
  • sekretærfunksjon for nemndene (sakkunnig nemnd og klagenemnd)
  • ansvar for at nemndene får opplæring
  • kommunikasjon med heimelshavarar
  • forvalta eigedomsskattelova, halda seg oppdatert på endringar i lovverk
  • held oversikt med endringar på eigedomar og nye skatteobjekt
  • yter hjelp til økonomisjefen

Sakkunnig nemnd for eigedomsskatt:

  • vedtak om skatteplikt/ ikkje skatteplikt
  • ta stilling til takseringsmetode og vedta “Rammer og retningslinjer for taksering”
  • takstvedtak på aktuelle eigedomar
  • fyrste klageinstans på takstvedtak (retter feil ved taksten)

Klagenemnd for eigedomsskatt:

  • andre og endeleg klageinstans på takstvedtak (ta stilling til klage på takst med utgangspunkt i likskapsprinsippet og gjeldande markedsverdi ved siste alminnelege taksering)

Tilsette synfaringsmenn:

  • synfara eigedomar og koma med forslag til takst til sakkunnig nemnd