Fritak frå eigedomsskatt

Fritak etter eigedomsskattelova § 5

Nokre eigedomar skal ha fritak for eigedomsskatt i samsvar med eigedomsskattelova (esktl.) § 5. Døme: kommunale- og statlege eigedomar, kyrkjer, helseforetak, eigedom som vert driven som gardsbruk eller skogbruk

Spesielt om landbrukseigedomar § 5 h): Gardsbruk er i utgangspunktet fritekne, men bygningar som ikkje berre kan knytast direkte til landbruksverksemda t.d produksjonslokale til sider eller liknande, kan vere grunnlag for eigedomsskatt næring.

Fritak etter eigedomsskattelova § 7

Kommunestyret kan gjere årleg vedtak om at eigedomar/bygg skal få fritak/delvis fritak for eigedomsskatt etter esktl. § 7. Dette årlege vedtaket vert gjort saman med budsjetthandsaminga for komande år.

Fritak etter esktl. § 7 a): her kan kommunestyret gje heilt eller delvis fritak for eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten. Frivillige lag og organisasjoner, grendahus/samfunnshus, idrettshus, skular der kommunen ikkje er eigar og museum er eksempel på bygg som kjem inn under denne kategorien. Stiftinga/institusjonane skal ikkje ha eit forretningsliknande føremål, men vere til fordel for det offentlege og ålmenta.

Fritak etter esktl. § 7 b): her kan kommunestyret gje heilt eller delvis fritak for bygningar som har historisk verdi. I utgangspunktet gjeld dette bygningar som er freda etter riksantikvaren sin kulturminnedatabase. Bygg som er freda er registrert med “enkeltminne” i matrikkelen (det nasjonale eigedomsregisteret). Enkeltsøknadar om fritak etter esktl. § 7 b) utover freda bygg, må handsamast enkeltvis etter søknad, og ein må leggje ved dokumentasjon/tilråding frå fylkeskonservator/riksantikvar.

Fritak etter eigedomsskattelova § 28

Etter esktl. § 28 kan det søkjast til formannskapet om nedsetjing eller ettergjeving av eigedomsskatt. Det må føreliggja særlege årsaker som gjer det særs urimeleg at eigedomsskatten vert innkrevd. Det er svært strenge vilkår for å få medhald.