Informasjon til innbyggjarar i alle dei tre kommunane
Angåande betaling av kommunale tenester i overgangen til Ullensvang kommune
Når det gjeld betaling av kommunale tenester for desember 2019, kan det bli endringar i forfallsdatoar, dette på grunn av overgang til nytt økonomisystem.
Når det gjeld betaling av kommunale tenester i 2020, så blir satsane for dette vedtatt i budsjetthandsaminga i kommunestyret i desember 2019. Fakturering for den nye kommunen kan blir noko forsinka i januar 2020 på grunn av overgang til nye system. Det vil kome nærare informasjon om dette.
Ullensvang sitt nye bankkontonummer blir automatisk oppdatert på alle fakturaer som blir sendt ut frå oss.
Informasjon til alle leverandørar i dei tre kommunane
Oppretting av ny kommune
Som ein del av kommunereforma vert Jondal kommune, Odda kommune og Ullensvang herad slått saman til Ullensvang kommune frå 01.01.2020. Ein heilt ny kommune med nytt namn, adresse, organisasjonsnummer og kontonummer.
Ullensvang kommune
- Postadresse: Opheimsgt. 31, 5750 Odda
- Organisasjonsnummer: 920 500 633
- Kontonummer: 3633.62.01602
- Kommunenummer: 4618
Fakturaer som gjeld rekneskapsåret 2020
Alle fakturaer frå leverandør som gjeld rekneskapsåret 2020 skal sendast til Ullensvang kommune. Ullensvang kommune skal ha alle faktura i EHF-format. Faktura skal innehalde bestillingsnr./rekvirentnr. og organisasjonsnr. til kommunen.
Fakturaer som gjeld rekneskapsåret 2019
Alle fakturaer frå leverandør som gjeld rekneskapsåret 2019 skal sendast til dei respektive kommunar der dette er bestilt; enten Jondal kommune, Odda kommune eller Ullensvang herad.
Har du spørsmål?
Kontakt økonomiavdelinga: Tlf: 48 24 01 32 eller e-post okonomi@ullensvang.kommune.no