Ledig stilling som oppmålingsingeniør

Utsett søknadsfrist til 06. oktober.

Saksnr.

  • 19/910-2019012908
  • 2019012908

Ledig stilling som oppmålingsingeniør

For å styrkje utviklinga av den nye kommunen ynskjer me å tilsetja ein dyktig oppmålingsingeniør i 100% fast stilling.

Arbeidsoppgåver

Stillinga ligg til avdeling for byggesak og kart/oppmåling i nye Ullensvang kommune og har omlag 10 tilsette.

Som oppmålingsingeniør vil du utføre oppmåling- og landmålingsoppgåver, der i blant gjennomføring av oppmålingsforretningar. Du vil vere involvert i arbeid mot matrikkellova, GIS og digitalt kartverk, samstundes som du òg kan bidra inn i kommunen sitt plan- og utviklingsarbeid. Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga. Ullensvang kommune nyttar kartsystema GISLINE og Gemini VA. Kjennskap til desse programvarene vil vere ein fordel.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning frå universitet eller høgskule, minimum bachelornivå (relevant erfaring vil i visse tilfelle kunne vege opp for manglande utdanning) Kjennskap til plan- og bygningslova, matrikkellova og eierseksjonslova
  • Kunnskap innan GIS og bruk av geodata
  • Bør kunnne bruke moderne oppmålingsinstrument
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og muntleg
  • Bilsertifikat

Eigenskaper

  • Ynskje om å bidra til å utvikle kommunen.
  • Evne til å arbeide systematisk.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, samt personlege eigenskapar vert vektlagt.

Me kan tilby

  • Fast 100% stilling
  • Ullensvang kommune har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA).
  • Interessante arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø.
  • Lønn etter avtale.
  • Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Opplysningar om stillinga får du hjå verksemdsleiar Kristian Bondhus-Jensen, tlf.: 975 58 600 eller epostadresse: Kristian.jensen@ullensvang.kommune.no

Søk på stilling

Søknadsfrist: 06.10.19