Ledig stilling som geodataansvarleg

Utsett søknadsfrist til 06. oktober.

Saksnr.

  • 19/908-2019012906
  • 2019012906

Ledig stilling som geodataansvarleg

For å styrkje utviklinga av den nye kommunen ynskjer me å tilsetja ein drivande og engasjert geodataansvarleg i 100% fast stilling.

Arbeidsoppgåver

Stillinga ligg til avdeling for byggesak og kart/oppmåling i nye Ullensvang kommune og har omlag 10 tilsette.

Som geodataansvarleg vil du ha ansvar for kommunen sine kartdata. Ajourføring, forbedring og utvikling av kartdatabasane er sentrale arbeidsoppgåver, men du vil òg bidra inn i kommunen sitt plan- og utviklingsarbeid. Du vil samarbeide med oppmålingsingeniør, byggesakshandsamarar, samfunnsplanleggarar og kommunen si vass- og avlaupsteneste. Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga. Ullensvang kommune nyttar kartsystema GISLINE og Gemini VA. Kjennskap til desse programvarene vil vere ein fordel.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning
  • Kunnskap og/eller erfaring innen geodataarbeid
  • God IKT-kompetanse

Eigenskaper

  • Ynskje om å bidra til å utvikle kommunen
  • Evne til å arbeide systematisk
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, samt personlege eigenskapar vert vektlagt

Me kan tilby

  • Fast 100% stilling
  • Ullensvang kommune har avtale om inkluderande arbeidsliv (IA)
  • Interessante arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø
  • Lønn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår

Opplysningar om stillinga får du hjå verksemdsleiar Kristian Bondhus-Jensen,
tlf.: 975 58 600 eller epostadresse: Kristian.jensen@ullensvang.kommune.no

Søk på stillinga

Søknadsfrist: 06.10.19