Alkoholpolitiske retninglinjer for Ullensvang kommune

Gjeldande frå 01.01.2020

Alkohollova set rammene for korleis alkoholpolitikken skal forvaltast. Innanfor desse rammene er kommunen ilagt betydeleg ansvar og fridom til å utforma sin eigen lokale alkoholpolitikk. 

Føremålet med alkohollova er å avgrensa dei samfunnsmessige og individuelle skader som alkohol kan føra til. Løyvepolitikken skal vera føreseieleg og med retningslinjer som gjer næringa godt driftsgrunnlag og konkurransevilkår. Kontroll av tildelte løyver skal sikra at sal og skjenking skjer i tråd med lov og retningslinjer. 

Jf. alkohollova § 1-7d er kommunen pålagt å utarbeide alkoholpolitiske retningslinjer. Dei alkoholpolitiske retningslinjene skal handsamast i kvar kommunestyreperiode. Denne saka er basert på dei gjeldane alkoholpolitiske retningslinjene i dei tre kommunane, og gjeld fram til ny alkoholpolitisk handlingsplan vert utarbeid og vedteken. 

Ei rekkje andre lover pålegg kommune å løysa oppgåver på «rusmiddelfeltet». Difor vil rådmannen i 2020 utarbeide ruspolitisk handlingplan for 2020-2023, der også Ullensvang kommune sine alkoholpolitiske retninglinjene vert innlemma. 

Denne planen legg rammer for kommunal sals- og skjenkepolitikk som gjer det mogeleg å delegera mynde frå politisk til administrative organ, og dermed yta raskare sakshandsaming til innbyggarane.