Førehandsstemming i Ullensvang kommune ved Kommune- og fylkestingsvalet 2019

Valstyret i Ullensvang kommune har vedteke at kan ein førehandsstemme i perioden frå og med 12.08.19 til og med 06.09.2019 innan kl. 14:00 i fylgjande stemmelokale: 

  • Biblioteket i Odda rådhus 
  • Kommunehuset i Jondal 
  • Heradshuset i Kinsarvik 

I tillegg vil ein ta i mot førehandsstemmer på fylgjande stader: 

  • Sekse barnehage tysdag 3. september 2019 – kl. 15:00 – 18:00 
  • Utne bibliotek onsdag 4. september 2019 – kl. 15:00 – 18:30 
  • Nå bibliotek torsdag 5. september 2019 – kl. 15:00 – 18:00 

Førehandsstemming på helse- og omsorgsinstitusjonar vert halde i veke 36 på fylgjande stader: 

  • Røldal sjukeheim og omsorgsbustader 
  • Eide omsorgsenter 
  • Bokko bo-og behandlingssenter 
  • Odda sjukeheim
  • Odda sjukehus 
  • Mjøstølen 
  • Sørfjordheimen 
  • Bråvolltunet 
  • Utneheimen 
  • Vikevollen sjukeheim 

Dato og klokkeslett vert fastsett etter dialog med kvar institusjon og det skal vere oppslag om førehandsstemminga på alle institusjonane. 

Ambulerande stemmemottak vert halde i veke 36 etter førespurnad som må vere motteken av valadministrasjonen i Ullensvang kommune innan onsdag 4. september 2019 kl. 14:00. 

Du kan førehandsstemme i andre kommunar enn der du er manntalsført. Røystinga vil verta send til din heimkommune for oppteljing. 

Hugs å ta med legitimasjon ved røysting. Det er ynskjeleg at du tar med valkort. Eksempel på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete. 

Valstyret i Ullensvang kommune