Tidlegstemming 2019

Ordinær førehandsstemming startar 12. august, men allereie frå 1. juli kan ein stemme innanriks, såkalla tidlegstemming. Tidlegstemming gjeld til og med 10. august, det vil seie fram til start av ordinær førehandstemming.

Dei ordinere stemmesedlane er ikkje klare ved tidlegstemming, og stemmegjevar må nytte stemmesedlar som berre inneheld namn på dei registrerte politiske partia i Norge. På stemmeseddelen må stemmegjevar merke av for det partiet vedkomande ynskjer å stemme på. Dersom ein ynskjer å stemme på eit parti/gruppe som ikkje står på stemmeseddelen, skriv ein namnet på partiet/gruppa i det blanke feltet på stemmeseddelen.

Ein kan ikkje gjere endringar på stemmeseddelen når ein tidlegstemmer.

Ver merksam på at ikkje alle parti stiller til val i alle fylke.

Dersom du ikkje har høve til å stemme i den ordinære førehandstemmeperioden eller på valdagen, kan du tidlegstemme frå 1. juli på føgjande stader;

  • Biblioteket i Odda rådhus
  • Kommunehuset i Jondal
  • Heradshuset i Kinsarvik

Hugs å ta med legitimasjon ved stemming. Dersom du har mottatt valkort er det fint om du tar det med.