Samfunnsplanleggjar

For å styrkje utviklinga av den nye kommunen ynskjer me å tilsetja ein drivande og engasjert samfunnsplanleggjar i 100% fast stilling.

Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:


Arbeidsoppgåvene vil vere knytt opp til alle nivå av areal- og samfunnsplanlegging. Hovudmengda av arbeidet er knytt til utarbeiding av kommunale reguleringsplanar og handsaming av private planframlegg. I tillegg vil ein bidra inn i fagmiljøet og i ulike utviklingsprosjekt i kommunen.

Stillinga er plassert i tenesta Samfunnsutvikling og Plan. Ein vil vere fleksibel i høve til fast oppmøtestad (Odda, Kinsarvik eller Jondal).

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Relevant høgare utdanning som til dømes master i fysisk planlegging, landskapsarkitekt, eller minst treårig høgare relevant utdanning.
  • Kjennskap til aktuelt lovverk og erfaring frå fagområda.
  • Gode evner til skriftleg, munnleg og visuell presentasjon. Administrasjonsspråket i Ullensvang kommune er nynorsk.

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit utviklingsretta fagmiljø
  • Løn etter avtale
  • Gode moglegheiter for å utvikla kommunen, tenesta og eigen kompetanse
  • Inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår

Opplysninger om stilling får du hos Plansjef Kristian Bondhus-Jensen , tlf. 97 55 86 00

Rådmann Magnus Steigedal, tlf. 936 44 442

Søk på stilling

Søknadsfrist: 05.08.19