Ullensvang herad: Viktig melding vedrørande landbruk, byggesak og plan

Me har utfordringar med mange saker og redusert kapasitet og me innfører difor ei mellombels løysing ut året vedrørande «opningstider» i desse avdelingane. Dette for å leggja til rette for at ein kan arbeida meir konsentrert med saker.

Målet er å kunne yta betre service med raskare sakshandsaming og svar til innbyggarar, landbruk og næringsliv.

LANDBRUK

Sakshandsamarane på Landbruk kan nåast på telefon fylgjande dagar; Måndag og onsdag.

Tysdag, torsdag og fredag vil vera sakshandsamingsdagar og de vil ikkje kunna nå sakshandsamar på telefon desse dagane.  

Alle avtalar med sakshandsamarar må avtalast på førehand. Ingen direkte oppmøte utan avtale (gjeld alle dagar).

BYGGESAK OG PLAN

Sakshandsamarane på Byggesak og Plan kan nåast på telefon fylgjande dagar; Måndag, onsdag og fredag.

Tysdag og torsdag vil vera sakshandsamingsdagar og de vil ikkje kunna nå sakshandsamar på telefon desse dagane.  

Alle avtalar med sakshandsamarar må avtalast på førehand. Ingen direkte oppmøte utan avtale (gjeld alle dagar).

KART OG OPPMÅLING

Sakshandsamarane på Kart og Oppmåling er tilgjengeleg i Kinsarvik; Måndag og  onsdag.

Alle avtalar med sakshandsamarar må avtalast på førehand. Ingen direkte oppmøte utan avtale.

Ta kontakt per tlf på: 53 67 50 00 eller e-post: postmottak@ullensvang.herad.no

Me ber om at alle skriftlege henvendingar vert sendt via postmottak, med mindre du allereie har direkte epost-korrespondanse med ein sakshandsamar.

Me håpar på forståing for dette og ser fram til godt samarbeid!