Nytt kommunevåpen, folket har funne sin favoritt!

Då er folkerøystinga om nytt kommunevåpen over, og me har ein vinnar! Det har vore stort engasjement og god deltaking på avrøystinga. Totalt 1402 stemmer er gitt, og det utpeika seg raskt ein favoritt. Det er det ei stor gleda å presentera vinnarutkastet til kommunevåpen for Ullensvang kommune:

1.plass: Tre franske liljer med stolpe i kvitt på blå bakgrunn

“Tre liljer for dei tre kommunane, med Folgefonna mellom. Blå for fjorden, kvitt for breen, snøen og fruktblomen. Ullensvang herad sitt noverande våpen, i ny fargekombinasjon.”

Vinnarutkastet fekk 622 stemmer, 44% av totalt tal stemmer. Det er utforma og sendt inn av Jan Petter Saga frå Tyssedal, som blir premiert med kr 5000. Hjarteleg gratulerar til han! Folkerøystinga er rådgjevande og vinnarutkastet går no vidare til politisk handsaming i det nye kommunestyret til hausten.  

Bilete: Jan Petter Saga har utforma utkastet som fekk flest stemmer i folkerøystinga om kommunevåpen. Her saman med Kåre Grønsnes og Else Marie Sandal frå kommunevåpen juryen.

2.plass: Hardangersaum – Eldjarnrosa

“Eldjarnsrosa er mykje nytta på bringklut, belte og svartsaum. Eldjarnsrosa finn vi óg i hardangersaum, då helst som store motiv. Berre fargane er bevart frå Ullensvang herad sitt noverande våpen.”

Eldjernrosa i gull på raud botn blei ein god nr. 2 med 377 stemmer og er utforma av Kjetil Bjerkelien som også får blom og helsing tilsendt.

3.plass: Tre franske liljer

Tre franske liljer på raud botn fekk 238 stemmer. Dette utkastet er juryens bearbeiding.