100% stilling som controller

Søk på stilling

Saksnr.
19/647-2019008649
2019008649

Dokument – Controller

100% stilling som controller

Denne stillinga er nyoppretta i Odda kommune, men vil frå og med 01.01.2020 vera ein del av Økonomiavdelinga i Ullensvang kommune. Stillinga rapporterer til kommunalsjef økonomi.

Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:

  • Generell intern økonomioppfølging
  • Fagleg rådgjeving og støtte, opplæring og utvikling av kommunen sine verksemder
  • Utredningsoppgåver/sakshandsaming etter nærare behov
  • Støtte i utarbeiding av budsjett
  • Ulike kvalitetsforbetrande tiltak og analyser etter nærare behov, også i høve årsavslutning/årsoppgjer.
  • Digitialisering av fagfeltet

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Minimum 3-årig (Bachelor) økonomi- og rekneskapsutdanning.
  • Gode IKT-kunnskaper generelt og kjennskap til VISMA ein fordel.

Kompetanse:

  • Erfaring frå kommune og same type ansvar og arbeidsoppgåver som nevnt over, vil bli vektlagd.
  • Spesielt bakgrunn frå prosjektstyring er ønska.

Personleg eigenskapar:

  • Vedkomande må vera samarbeidsvillig både internt i kommunen, og eksternt overfor innbyggjerar og vårt politiske system på alle nivå.
  • Sjølvstendig og initiativrik.
  • God til å uttrykke seg munnleg og skriftleg.
  • Strukturert, nøyaktig og etisk bevisst.
  • Vilje og gjennomføringsevne til å dele kunnskap og erfaring, slik at det styrkar avdelinga, vil bli verdsatt.

Lønsvilkår:

Løn etter avtale

Meir informasjon om stillinga får du hjå kommunalsjef økonomi Anne Tove Sandal Teigenes, tlf.: 975 58 524 eller e-post: anne.tove.sandal.teigenes@ullensvang.kommune.no

Søk på stilling

Søknadsfrist: 23.06.19