Renovasjonsordning Ullensvang kommune 2020

Fellesnemda har fatta følgjande vedtak i FN – sak 048/18: 

  1. Ullensvang kommune skal ha renovasjon som kommunal teneste. 
  2. Prosjektleiar får i oppdrag å få fram, til neste fellesnemndsmøte, økonomisk oppgjer for utløysing av Jondal og Ullensvang frå IHM. 
  3. Det er ein føresetnad at den kommunale renovasjonsordninga i Ullensvang kommune frå 01.01.2020 skal ha eit like godt tilbod til alle innbyggjarane som i dag og at kvaliteten på avfallshandteringa og kjeldesorteringa skal bli enno betre i den felles kommunale renovasjonsordninga i heile Ullensvang kommune.

Kva tyder dette for deg som innbyggjar?

Ordninga i Jondal og Ullensvang skal halda fram som før. Ordninga i Odda vert vidareført som idag. Dette var fleirtalet si forståing knytt til vedtaket i Fellesnemda i desember.

Kva gjer prosjektet i saka no?

  • Det vert no tilsett verksemdsleiar for renovasjon som saman med avdelinga og kommunalsjef skal førebu og gjera naudsynte tiltak for å handtera heile den nye kommunen i eigen regi.
  • Pr idag er ikkje eigarskapet i IHM IKS sagt opp. Arbeidet med avtale om utmelding er sett i gong, men ikkje sluttført. Det er uvisst kor tid ein slik avtale kan liggja føre, og kor tid ei utmelding kan gjennomførast. Slik det kan sjå ut no, vil vi antakeleg starta ny kommune med dei løysingane kommunane har idag; IHM for Jondal og Ullensvang, Ullensvang kommune for Odda. Målsetjinga er å koma over på eigen regi så snart det er praktisk mogleg, i tråd med vedtaket i Fellesnemda.

Alle kan gjera sitt for miljøet. Kva kan du som innbyggjar i Ullensvang kommune gjera?

  • Høg grad av kjeldesortering er bra for miljøet!
  • Høg mengd restavfall gir høgare avgifter, sorter godt!
  • Hugs; det er gratis å levera elektronisk avfall, maling osb. på miljøstasjonane!
  • Nytt spann og kontainarar, ikkje sett avfall utanfor desse!
  • Brenning av avfall, og kasting i naturen, er forbode!