Måndadsbrev prosjektleiar mai 2019

Foto: Sigrid D. Dagestad, Ullensvang kommune

Kva har skjedd denne månaden i prosjektet?

20. mai gjekk alle tilsette over på felles kontorstøtte plattform Google, og nytt Intranett Happeo, no er alle på felles e-post, kalender og disk. Eit stort steg mot ny kommune. Mykje godt arbeid er utført, me er på god veg, og mykje arbeid står att i haust. Kondis og uthaldenheit er nøkkelord for resten av 2019.

Prosjektleiar:

  • Møte i Arbeidsutvalet; ordførarane.
  • Styringsgruppemøte dei 3 store systema; Visma, Websak, Google.
  • Samling verneomboda 9. mai.
  • Drøftingsmøte tillitsvalde.
  • Seminar eigedomsskatt og konsesjonskraft LVK

Fellestenester / Sektornivå:

  • Tenestemeny og kritiske område i sektorane.
  • Fagsystem
  • Innplasseringar – utlysingar.

HR:

  • Reglement
  • Arbeidsgjevarpolitikk
  • Plan for lønsharmonisering

Kva skjer framover?

  • Tenestemeny og kritiske område.
  • Strukturar, rutiner og system; Visma økonomi/løn/personal, Acos Websak pluss og Google for heile organisasjonen, planlegging av opplæring.
  • Forslag til kommunevåpen vert presentert 6. juni, leggjast ut på rådgjevande røysting, avgjerd når det nye kommunestyret er konstituert.
  • Utarbeiding av bemanningsplanar for verksemdene.
  • Oppstart arbeid med budsjett 2020.
  • Oppstart arbeid med ny Internett-side.

Politiske saker møterunde 14. juni Fellesnemda:

  • Næringsfond
  • Hardangerrådet
  • Skulekretsar, nummerering.
  • Barn og unge sitt kommunestyre .
  • Interkommunalt arkiv Hordaland.
  • Tilsyn med tobakksal.
  • Alkoholpolitiske retningslinjer.
  • Stafett for livet 2020, Kreftforeningen.
  • Politisk reglement.

Eg vil nytta høvet til å takka alle saman for den innsatsen de legg ned kvar dag i denne fasen av samanslåinga!

Eg ynskjer alle saman ein riktig god sommarferie, nyt dagane med familie og vener!

Prosjektleiar Ole-Jørgen Jondahl