NYTT KOMMUNEVÅPEN FOR ULLENSVANG KOMMUNE

Vi har gleda av å invitera til presentasjon av finalistane torsdag 06. juni kl. 10.00, Lagmansstova i Agatunet

Det nye våpenet skal vere basert på Ullensvang herad sitt noverande. Liljevåpenet er henta frå det gamle våpenskjoldet frå Aga slik ein finn det på gravsteinen til riddaren, riksråden og gulatingslagmannen Sigurd Brynjulvson (1240-1303).

Velkomen til ein uformell presentasjon av forslaga som skal ut på rådgjevande folkerøysting, i Agatunet – dei rette omgjevnadane for våpenet.

Guttorm Rogdaberg står for den historiske presentasjonen.

Enkel servering.

Helsing juryen for nytt kommunevåpen, Ullensvang kommune