Om organisering av legetenesta

Legetenesta vert eigen teneste med eigen verksemdsleiar, og kommunelegefunksjonen vert plassert i stab hjå kommunalsjef. Til kommunelegefunksjonen er det 120 % stilling til disposisjon. Med bakgrunn i dette startar ein opp med kartleggingssamtalar for innplassering i stillingane.

Når det gjeld Miljøretta helsevern legg ein ikkje opp til særskilde endringar, og spørsmål om vidare organisering vil ein koma tilbake til etter at funksjonane som verksemdsleiar og kommuneoverlege er avklara.

Tverrfagleg samarbeid og folkehelsearbeid skal stå sentralt i den nye kommune og kommuneoverlege skal delta i plan-, saksarbeid og bidra til styrking av førebyggande arbeid.

Prosessen med innplassering og kartleggingssamtale vil ein gjennomføra innan april.