Månadsbrev prosjektleiar januar 2019

Kva har skjedd denne månaden i prosjektet?

Prosjektleiar

  • Gjennomført drøftingsmøte 5 med dei tillitsvalde og vernetenesta; administrativ organisering verksemdsnivå, særavtalar/lokale avtalar, løn- og arbeidsvilkår kommunalsjefar og verksemdsleiarar.
  • Toppleiarkonferanse saman med leiargruppene i Jondal, Odda og Ullensvang.
  • Møte i Arbeidsutvalet; ordførarane.
  • Oppstartsmøte AMU for samanslåingsprosjektet.
  • Møte med tilsette i stab/støtte.
  • Vedtak administrativ organisering verksemder – sjå eige innlegg.

Sektornivå

  • Struktur i sektorane under kommunalsjefsnivå.
  • Organisering stab/støtte.
  • Tenestemeny og kritiske område i sektorane.

HR

  • Reglement
  • Arbeidsgjevarpolitikk

Kva skjer framover?

  • Vidare arbeid med stab/støtte; tenestemeny og kritiske område.
  • Kartleggingssamtalar verksemdsleiarar i verksemder som skal slåast saman.
  • Leiarsamling 18. februar for alle leiarar i Jondal, Odda og Ullensvang.
  • Oppbygging av strukturar, rutiner og system; Visma ERP, Acos Websak pluss og Google for heile organisasjonen, planlegging av opplæring.
  • Deltaking på erfaringsseminar KS-KMD 6. – 7. februar, saman med Partsamansett utval.
  • Arbeid med profilhandbok.

Politiske saker; PSU 29. januar og Fellesnemda 8. februar:

  • Prosjektorganisering i 2019, overgong til sektoransvar.
  • Næringsorganisering i Ullensvang kommune.
  • Val av visjon-slagord for Ullensvang kommune.
  • Kommunevåpen.