Arbeidet med endeleg administrativ organisering er no etter prosess med dei hovudtillitsvalde, hovudarbeidsgruppene, og den nye leiargruppa sluttført.
Følgjande prinsipp ligg til grunn:
- Dei eksisterande verksemdene i dei tre kommunane vert og verksemder i den nye kommunen. Nokon verksemder vil gå frå 3 eller 2 til ei verksemd, med ein verksemdsleiar.
- Organisasjonskartene nedanfor viser korleis den administrative organiseringa for dei 3 fullmaktsnivåa vert, merk at boksane viser teneste i nokre tilfeller, til dømes Skule; ikkje at det skal vera ein verksemdsleiar for skulane, rektor skal framleis vera verksemdsleiar. Verksemder med geografisk spreiing, og store verksemder, vil og ha avdelingsleiarar.
- Verksemdsleiar rapporterer til kommunalsjef.
Vidare prosessar i sektorane i samarbeid med dei tillitsvalde:
- Innplassering av verksemdsleiarar i tråd med Omstillingsavtalen.
- Innplassering i andre funksjonar i tråd med Omstillingsavtalen.
- Arbeid i sektorane med tenestemeny og kritiske område, bemanningsplanar.
- Stab/støtte; vidare arbeid med tenestemeny og innhald i Ressursenter.
- Implementering av nye system og rutinar; ERP, Websak, Google, og fagspesifikke system.






