Valkort og legitimasjon

Alle veljarar får tilsendt valkort i posten. Valkorta vert sendt ut til veljarane i månadsskiftet juli-august 2019.

På valkortet finn du informasjon om kor ditt næraste vallokale er, og opningstider på valdagen. Du kan velja sjølv kva vallokale i kommuen du vil stemma i.

Det er ikkje nødvendig med valkort for å stemma, men det forenklar valfunksjonæren sitt arbeid dersom du tek det med, og det går raskare for deg å stemma.

Hugs legitimasjon!

Veljar som er ukjent for stemmemottakar, skal legitimera seg.

Alle veljarar må difor ta med legitimasjon når dei skal stemma, både i førehandsstemmeperioden og på valdagen. Det er ikkje nok å opplysa om namn og fødselsdato.

Legitimasjon kan for eksempel vera pass, førarkort og bankkort med bilete, men du kan også bruka annan type legitimasjon. Kravet er at legitimasjonen inneheld namn, fødselsdato og bilete.

Hvis du har opphald på ein institusjon som sjukeheim, sjukehus eller fengsel, kan du få ein tilsett ved institusjonen til å bekrefta identiteten din.