Skal de stilla liste til kommunevalet 2019?

Alle parti og grupper som ynskjer å stilla til val, må levera listeforslag til valstyret i kommunen dei ynskjer å stille til val i.

Frist for å levera listeforslaget er 31. mars kl. 12.00. Listeforslaget må ha kome fram til kommunen, det er ikkje nok at brevet med listeforslaget er poststempla innan fristen.

I 2019 fell 31. mars på ein søndag. I følge vallova § 15-5, skal fristar som fell på ein laurdag eller helligdag utsettast til følgande kvardag. Det betyr at listeforslag må vera innleverte til det aktuelle valstyret innan:

Måndag 1. april 2019 kl. 12.00.

Når innleveringsfristen er ute kan framleggstillarane berre gjera dei endringane på listeforslaget som krevst for å få listeframlegget i tråd med vallova og forskriftene til denne.

Tillitsvald/tillitsutval for partiet/gruppa

Alle listeforslag må oppnemne ein tillitsvald med vararepresentant mellom dei som har skrive under på forslaget. Dessutan bør listeforslaget innehalda ei oversikt over kva personar som skal fungera som eit tillitsutval, sjølv om dette ikkje er noko krav i samband med godkjenninga av listeforslaget.

Den tillitsvalde si oppgåve er mellom anna å representera forslagsstillarane i forhandlingar med valstyret om listeforslaget, og eventuelt kalla tilbake listeforslaget.

For parti og grupper som ikkje kjem inn under reglane om forenkla behandling, jf. vallova § 6-3, må det samlast inn eit visst tal underskrifter på listeforslaget frå personar med stemmerett i det valdistriktet lista skal stille.

For lister i Ullensvang kommune må det samlast inn 170 underskrifter.

Om innlevering av listeforslag

Regelverket om krav til og behandling av listeforslag

I Ullensvang kommune skal det vera minst 7 kandidater og maksimalt 39 kandidater på lista. Det kan førehandsprioriterast inntil 6 kandidater på lista.

Overskrift på listeforslaget:

Listeforslaget skal ha ei overskrift som viser parti eller gruppe. Namnet må ikkje kunna forvekslast. Registrerte parti skal bruka partiet sitt registrerte namn i listeoverskrifta. Listeforslaget må tydeleg visa at lista gjeld kommunestyrevalet 2019 i Ullensvang kommune.

Ved innlevering av lister til Ullensvang kommune skal følgande malar nyttast:

Listeforslaget og vedlegg kan sendast på e-post til postmottak@odda.kommune.no og merkast listeforslag kommunestyrevalet 2019.

Vedlegg til lista med signatur på underskrivarar må sendast i post eller leverast til politisk sekretariat:

Ullensvang kommune,v/ Odda kommune, Opheimsgata 31, 5750 ODDA

Registrering av politiske parti

Registrering skjer hjå Partiregisteret i Brønnøysundregistrene seinast 2.1.2019 for å ha verknad for valet i 2019.

Regelverket om registrering av politiske partier

Oversikt over politiske registrerte partier: