Får å kunna stemma må du ha stemmerett og stå innført i ein kommune sitt manntal. Manntalet er ei liste over personar med stemmerett i kommunen.
§ 2-4.I hvilke kommuner velgerne skal manntallsføres
Lov om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgloven)
Er du innført i manntalet?
Veljarar busett i Noreg
Alle med stemmerett vert automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der folkeregisteret har registrert deg som busett pr. 30. juni i valåret.
Dersom du flytter til ein annan kommune etter 30. juni i valåret, er du framleis registrert i manntalet og har stemmerett i den kommunen du flytta frå.
Veljar busett i utlandet
Dersom du bur i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg nokon gong i løpet av dei siste 10 åra, vert du automatisk innført i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett da du flytta frå Noreg.
Dersom du ikkje har vore registrert som busett i Noreg dei siste 10 åra, må du søkja valstyret i din siste bustadkommune om å verta ført inn i manntalet.
Du søkjer om å verta ført inn i mantalet ved å skriva under på den omslagskonvolutten som vert nytta ved førehandsstemmegjevinga utanriks. Dersom du førehandsstemmer i Noreg eller ikkje nyttar deg av den nemnde omslagskonvolutten, må du søkja særskilt. Dette kan du gjera ved å bruka eige skjema; Søknad om innføring i manntalet (link her) eller i eit vanleg brev. Vel du å skriva eit vanleg brev, må du få med dei opplysningane det vert spurt etter i skjemaet.
Søknaden må koma fram til valstyret i den kommunen der du sist var registrert busett i Noreg innan klokka 17.00 dagen etter valdagen (10. september kl. 17.00).
Søknad om innføring i manntalet i Ullensvang kommune kan sendast med post eller e-post til valstyret i Ullensvang.
Postadresse:
Ullensvang kommune
Valstyret
Opheimsgata 31
5750 Odda
E-postadresse: