Me lagar ny visjon for Ullensvang kommune – røyst på din favoritt

Dei siste to vekene har me reist rundt i den nye kommunen vår og samla visjonsforslag frå dokke innbyggjarar. Me har besøkt samtlege skulegrender i kommunen og  fått inn over 60 gode visjonsforslag. Dessverre må me stå igjen med kun eit. 

Me ynskje derfor nok eingong di hjelp. Me har allereie valt ut det me meiner er dei 16 beste forslaga, som du kan røysta på fram til “Grevinnen og hovmesteren” ca klokka 21:00 den 23 desember. 

For å røysta på din favoritt – trykk her

Etter endt avstemming vil me ta med tre til fem av dei visjonane dokke har stemt fram som skal presenterast i ei sak til fellesnemnda for den nye kommunen i møte 7. februar-19. Fellesnemnda vil her velja endeleg visjon for å ta den nye kommunen inn i framtida!