Rådmannen si leiargruppe er no klar

Kommunalsjefar er no tilsett etter prosess jf. Omstillingsavtalen.

 

Prosessen har vore gjennomført etter følgjande punkt:

  • Kartleggingssamtale
  • Testing + testintervju med rapport på kvar kandidat, Mercuri Urval ansvarleg
  • Drøfting i og innstilling frå omstillingsutvalet med grunnlag i stillingsprofil kommunalsjef, testrapport og kartleggingssamtale

 

Prosjektleiar/rådmann har med grunnlag i innstillinga frå omstillingsutvalet og ei totalvurdering tilsett som følgjer:

Kommunalsjef: Namn:
Assisterande rådmann Magnus Steigedal
Økonomi Anne Tove S. Teigenes
HR Eivind Gregersen
Helse og omsorg Torbjørn Reisæter
Oppvekst og utdanning Morten Vevatne
Teknikk og miljø Anton Langeland
Kultur, Næring og Samfunn Reidar Isdal

 

Prosjektleiar/rådmann tok, etter møte med dei tillitsvalde, avgjersle om ekstern bistand frå Mercuri Urval i prosessen.
Prosjektleiar/rådmann gjer merksam på at, i prosjektperioden og oppstart med ny kommune med grunnlag i innplassering av dei leiarane som er aktuelle, har det ikkje vore mogleg å oppnå ønska balanse knytt til kjønn.

 

Eg ynskjer leiargruppa for Ullensvang kommune velkomen på laget, og lukke til i det viktige og krevjande arbeidet med å byggja ein ny kommune!