Rapport “Norsk kulturindeks – resultat frå nye Ullensvang kommune”

I arbeidet på kulturfeltet for Ullensvang kommune har me fått utarbeidd ein rapporten «Norsk kulturindeks – Resultater nye Ullensvang kommune» frå Telemarksforsking.

 

Rapporten gjev eit bilete av korleis kulturfeltet kan verta i Ullensvang kommune. Telemarksforsking har tatt utgangspunkt i tal frå 2016 frå Jondal, Odda og Ullensvang.

Jondal, Odda og Ullensvang har alle eit relativt godt kulturtilbod, men me er sterke på ulike område. Det gjer at Nye Ullensvang ville ha kome på 19. plass i Norsk kulturindeks for 2017. Me ville vore nest høgst i Hordaland etter Bergen (18. plass).

Rapporten peiker på nokre hovudtrekk. Me har høgt tal på elevar i kulturskulen og biblioteka samarbeider godt allereie med gode tal på besøk og utlån. Det er positivt, og det vert viktig at me klarar å oppretthalde det.

Det største potensialet vårt er på scenekunst og det er her nye Ullensvang har det svakaste tilbodet. I 2016 er det ikkje registrert profesjonelle teater eller danseforstillingar i våre tre kommunar. For heile indre Hordaland er det eit svært avgrensa tilbod. Dersom me styrkar scenekunsten i den nye kommunen vil me ikkje berre betre kulturtilbodet til oss som bur her, men me vil òg styrka regionsenteret inst i Hordaland.

 

Rapport: Norsk kulturindeks 2017 resultater fra nye Ullensvang