Budsjettkonferanse

1. og 2. november var det felles samling for Jondal kommunestyre, Odda kommunestyre og Ullensvang heradsstyre – Budsjettkonferanse. Administrasjon, hovudverneombod og hovudtillitsvalde var også invitert med.

Fyrste dag var det sett av god tid til at kvar kommune fekk presentere sine budsjettforslag for 2019 med investeringar, fokusområde og utfordringar for 2019. Lokalavisa Hardanger Folkeblad var tilstade og sende direkte frå budsjettframlegga til dei tre kommunane, sjå HF si heimeside.

Vidare vart det lagt fram ein “Analyse av pleie og omsorgstenesta” i dei tre kommunane sett under eit ved Odd Ivar Øvergård. Dette kan sjåast i samanheng med at både Odda kommune og Ullensvang herad har planer om store investeringar på dette området. Ein samla rapport om dette er under arbeid.

Dag to starta prosjektleiar med ein statusoppdatering i prosjektarbeidet. Organisasjonskartet for Ullensvang kommune har starta å ta form, prosess er i gang! Tilsetjing av rådmann si leiargruppe ynskjer ein å ha i drift i 01.01.2019. Vidare framdrift i prosjektet vart så skissert,  “Sjekkliste prosjektplan Ullensvang kommune 2016-2019” er også sak til PSU og fellesnemnda neste veke.

 

Nokre oppmodingar frå prosjektleiar til dei folkevalde:

  • Det er viktig å sikra Ullensvang kommune ein god start
  • 2019 bør sjåast heilskapleg frå dei tre kommunestyra, kva tener den nye kommunen
  • Me skal leva godt saman i Ullensvang kommune etter 2020

 

Kommuneplanleggjar Harald Grande Jr. presenterte så status i arbeidet med “Kommuneplan for Ullensvang kommune”. Målet er ein samfunnsdel med tilhøyrande handlingsplan som er klar til godkjenning til fyrste kommunestyre for Ullensvang kommune. Planen skal vera konkret og gjere klare prioriteringar for kommunen. Grande Jr. provoserte i sitt innlegg dei folkevalde og fekk i gang eit stort engasjement som ein håper dei tar med seg vidare i kommunesamanslåinga.

Felles visjon for Ullensvang kommune! Visjonsarbeidet for Ullensvang kommune er i gang og kommuneplanleggjar har hatt eit samarbeid med skulane i dei tre kommunane; born har kome med deira ynskjer til ny kommune. Det vil utover i november vera mogleg for  alle innbyggjarar å delta i dette arbeidet på folkemøter rundt i dei tre kommunane. Ein håper på eit stort engasjement frå innbyggjarane i dette arbeidet.

Dag to vart avslutta med status frå dei ulike arbeidsgruppene; politiske-, koordinerte- og administrative hovudarbeidsgrupper. Det er mykje arbeid på plass i alle arbeidsgrupper, men samstundes krevjande prosessar som står att for å byggje ein ny heilskapleg kommune.