Beredskapsplan vassforsyning Ullensvang kommune

Dei tre kommunane Odda, Ullensvang og Jondal har starta arbeidet med å revidera beredskapsplanane sine for vassforsyning til eit samla dokument som skal gjelde for den nye kommunen frå 01.01.2020. Arbeidet blir organisert med ei breitt samansett styringsgruppe med fagpersonar og tilsynsmynde og arbeidsgrupper for kvar av dei tre kommunane med dei som jobbar med vassforsyning til dagleg. Prosjektansvarleg er Ole-Jørgen Jondahl og prosjektleiar er Torstein Backer-Owe. Asplan Viak har sekretærfunksjon i arbeidet, og står for sjølve skrivinga av dokumentet.

Inntaksmagasinet ved Tyssedal vassverk.

Beredskapsplanen skal vere i samsvar med rettleiaren “Økt sikkerhet og beredskap i vannforsyningen – fra ROS til operativ beredskap” av Mattilsynet frå april 2017. Det skal gjerast farekartleggjing og ROS- analyse av fire delobjekt for kvart av dei 21 kommunale vassverka vi har i dei tre kommunane (9 i Odda, 9 i Ullensvang og 3 i Jondal). Dei fire delobjekta er: Vasskjelde, vassinntak/transportsystem råvatn, vassbehandlingsanlegg og distribusjonssystem for reintvatn.

Når ROS- analysen er gjort, skal ein finne tiltak som reduserer risikoen (sannsyn multiplisera med konsekvens) til eit akseptabelt nivå. Slike tiltak kan vere av administrativ karakter – slik som til dømes vaktordning, eller fysiske tiltak – som til dømes betre sikring av vasskjelde eller bygg.

Beredskapsplanen skal ha ein operativ del med aksjonsplanar for ulike hendingar, og ein administrativ del med organisering, samt ein omfattande vedleggsdel der alle ROS- analysar ligg, og nærare beskriving av dei einskilde vassverka.

Arbeidet skal sluttførast innan sommaren 2019, med handsaming i Fellesnemnda.