Offentleg ettersyn, Planprogram – Kommuneplan for Ullensvang kommune

I samband med kommunesamanslåinga har Fellesnemnda for Ullensvang kommune bestemt at vi skal starte arbeidet med ein ny felles kommuneplan. I den samanheng er det no utarbeida eit planprogram, som er eit førebuande dokument for kommuneplanarbeidet. Planprogrammet skal sei noko om føremålet med arbeidet, planprosessen med fristar og deltakarar, opplegg for medverknad og behovet for utgreiingar.

Planprogrammet blei tatt opp til førstegongshandsaming i møte for Fellesnemnda 20. september og blei vedtatt lagt ut til offentleg ettersyn. I høyringsperioden kan du koma med innspel til planprogrammet og sei di meining for korleis vi kan styra kommuneplanarbeidet vidare for å oppnå eit godt resultat. I etterkant av høyringa vil vi gå gjennom alle innspel og ta dei med vidare til ei sluttbehandling og endeleg stadfesting av planprogrammet i Fellesnemnda. Deretter startar så arbeidet med kommuneplanen.

 

Planprogrammet med tilhøyrande vedlegg og saksframlegg er vedlagt under:

 

Har du innspel til arbeidet?

Innspel merkast med overskrift “Planprogram – Kommuneplan for Ullensvang kommune” og kan sendast som brev eller e-post til:
Odda kommune v/samfunnsutvikling
Opheimsgata 31
5750 Odda
E-post: postmottak.e-post@odda.kommune.no

Frist for merknader til planprogrammet er satt til onsdag 14.11.18.

 

Sit du igjen med nokre spørsmål? Ta kontakt med prosjektdrivar for arbeidet, Harald Grande på e-post: harald.grande@ullensvang.kommune.no eller telefon: 975 58 677.
Harald har fast kontorplass i Odda og vil også ha besøksdagar på heradshuset i Kinsarvik tysdag 6. november og Jondal rådhus torsdag 8. november, der du kan koma innom for ein prat.