Bustadseminar

Torsdag 20. september gjekk felles Bustadseminar for dei tre kommunane Jondal, Odda og Ullensvang av stabelen. Seminaret var delt i to der føremiddagen var retta mot tilsette i kommunane, administrasjon og politikarar. Del to, ettermiddagen, var open for alle innbyggjarar i dei tre kommunane.

 

Godt oppmøte på del 1 av Bustadseminaret med heile Fellesnemnda tilstade.

Det var godt oppmøte både på del 1 og 2 av seminaret. Føredragshaldarar var dei same føremiddag og ettermiddag, med tilpassa presentasjonar til kven dei snakka for. Fellesnemnda for Ullensvang kommune hadde samkøyrd Fellesnemndsmøte og seminar, slik at heile fellesnemnda var tilstade på Bustadseminaret.

Leiar for Fellesnemndas Roald Aga Haug opna Bustadseminaret med å ynskja alle velkomen. Han la vekt på tryggleik, trivnad og tilhørigheit som viktige faktorar for innbyggjarane når det kjem til bustad.

 

Innlegg av Kristina Bondhus-Jensen og Harald Grande

Kommuneplanleggar for Ullensvang kommune Harald Grande og plansjef i Odda kommune, Kristian Bodhus-Jensen hadde fyrste innlegg. Dei starta med å fortelje om dei tre kommunane sin bustadplanlegging slik den er i dag – for så å ta opp tema utfordringa og viktigheita med å laga ein plan for bustadbygging i ny kommune, og kommunen sin sentrale rolle i dette arbeidet.

Kommuneplanleggar Harald Grande hadde også på morgonen delteke i fellesnemndsmøte der “Planprogrammet til Kommuneplan i Ullensvang kommune” hadde vert oppe som sak. Planprogram skal ut til offentleg høyring  – meir informasjon om dette kjem snart her på heimesida til Ullensvang kommune.

 

Svært engasjerande innlegg av Tobba Therkildsen Sudmann frå Høgskulen på Vestlandet.

Med den spenstige tittelen på føredraget sitt; “Kvifor i all verda skal ein flytta frå frukttre og trapper? Fysisk aktivitet og fellesskap heile livet” var det Tobba Therkildsen Sudmann frå Høgskulen på Vestlandet som sette i gang. Tobba presenterte eit svært engasjerande og aktivt føredrag! Nokon og ein kvar fekk pulsen opp både ein og to gonger i løpet av føredraget som ikkje lot dei tilhøyrande berre sitje i ro og følgje med!

“Fysisk funksjon er ferskvare, og funksjoner som ikke brukes forvitrer” – svært viktig poeng frå Sudmann.

 

Husbanken og NAV Hjelpemiddelsentral i Hordaland avslutta seminaret med universell utforming, økonomiske verkemiddel, samt råd og tips i høve tilrettelegging av bustad.

Takk til alle som har bidratt til seminaret!