Me er i gang med fase 3

Måndag 17. september var det samling for administrative arbeidsgrupper; hovudarbeidsgrupper og undergrupper. Før sommarferien vart fase 2 avslutta, så dette var ei samling for å sparke igang fase 3.

 

Prosjektleiar Ole-Jørgen Jondahl innleia samlinga men ein rask gjennomgang av kva samanlåingsprosjektet handlar om. Og hadde ein humoristisk tilnærming til viktigheita med samarbeid. Mandat for overordna arbeidsgrupper vart repetert, samt det at ein i arbeidsgruppene skal sikre tenkninga; Ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Arbeidsgruppene vart på samling utfordra på korleis tenestene skulle organiserast under overordna administrativ organisering. Overordna administrativ organisering vart vedteke i fellesnemnda 15.06.18. Organisering av tenestene skal ta omsyn til intensjonane i Intensjonsavtalen, samt dei faglege vurderingane som er gjort i fase 2. Arbeidet med organisering av tenestene er omfattande – så samlinga var berre ein oppstart for fleire av gruppene i forhold til dette arbeidet. Me er i gang med fase 3; det vert mykje spennande og krevjande arbeid framover no!