Felles møte for råd for funksjonshemma i Odda og Ullensvang, og Jondal felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne

Måndag 31. august var det felles møte i Odda kommunestyresal for Råd for funksjonshemma i Odda og Ullensvang, og Jondal sitt felles Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne.

 

Samling for dei tre råda i Odda kommunestyresal. Foto: Torbjørn Reisæter

Dei tre råda presenterte seg, fortalde om arbeidet sitt og dei viktigaste sakene den siste tida. Det vart vidare diskutert korleis ein ser for seg rådsarbeid fram i tid og “Korleis vil me vera organisert?”

Dei tre råda har eit ynskje om eige råd for funksjonshemma i Ullensvang kommune frå 2020. Det er lovfesta at alle kommunar og fylkeskommuar skal ha eit råd eller ei anna representasjonsordning for menneske med nedsett funksjonsevne, dette er styrt gjennom “Lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne.”

 

Oppsummering og vurdering av vidare arbeid

Representantar frå dei tre råda, samt administrasjon. Foto: Torbjørn Reisæter

Dei kommunale råda held først eit møte.

Så skal leiarane i kvart råd møtast og utarbeide eit forslag til mandat som skal leggast fram for felles rådsmøte i Odda.

Etter fellesmøtet legg ein fram skriftleg forslag til mandat for Fellesnemnda.

Råda vil gjerne få den nye rådmannen/prosjektleiar for nye Ullensvang kommune sine tankar på eventuelt samarbeid med råda og han vert invitert til neste fellesmøte i Odda.