Ullensvang kommune har gjennom Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) fått tilskot til å opprette eit rettleiingstilbod for innbyggarar som treng å betre sin digital kompetanse.
Frivilligsentralane Odda har utarbeida ei kursrekke i samråd med Jondal og Ullensvang frivilligsentral innan digital rettleiing. Elin Myran har prosjektansvar for gjennomføring av datakurs i 20 % stilllingsstorleik. Ho er også dagleg leiar ved Odda Frivilligsentral, og det er i lokala til Odda frivilligsentralen tilbodet vil vera no i fyrste omgang – men me poengterer at det er eit tilbod for alle innbyggjarane i dei tre kommunane.
“Tilskotet frå KMD skal bli brukt til å utarbeide eit felles digitalt rettleiingsstilbod for innbyggarane i Ullensvang kommune, bygge kompetanse innan digital rettleiing og pedagogisk formidling, samt nettverksbygging i regionen med mål om kompetanseoverføring og gjenbruk av modellen” – heiter det i søknad.
Kursrekke september 2018:
- Tysdag 04. september, k. 12.00 – 15.00
- Tema: Grunnleggjande bruk av nettbrett
- Tysdag 11. september, todelt:
- Del 1: kl. 15.00 – 17.00: Handel på nett
- Del 2: kl. 17.00 – 18.00: TicketCo for frivillige seljarar
- Tysdag 18. september, kl. 12.00 – 15.00
- Grunnleggjande bruk av nettbrett
- Tysdag 25. september, kl. 12.00 – 15.00
- Helsetenester på nett
Kvar torsdag i september vil det også vera Drop-In datahjelp på Odda Frivilligsentral frå kl. 10.00 – 13.00.
Frivilligsentralen har nettbrett til utlån på kursa sine, slik at du kan delta sjølv om du ikkje har eige nettbrett tilgjengeleg.
Påmelding:
- Alle kurs på tysdagar krev påmelding på førehand.
- Torsdagar med Drop-In er det berre å møte opp for å få hjelp til det du ynskjer.
Kontaktpersonar for påmelding:
- Elin Myran: 975 58 505
- Knut Steinar Bu: 412 94 162
Hardanger Folkeblad hadde måndag 3. september eit fint innlegg om det digitale rettleiingstilbodet som skal starte opp – les heile artikkelen i HF (abonnement).
Det er også sett opp følgjande kurs:
Kursrekke Oktober 2018:
- Tysdag 02. oktober, k. 12.00 – 15.00
- Sikkerhet på nett
- Tysdag 16. oktober, kl. 12.00 – 15.00
- Grunnleggjande bruk av nettbrett
- Tysdag 23. oktober, kl. 12.00 – 15.00
- Nettbank
- Tysdag 30. oktober, kl. 12.00 – 15.00
- Underhaldning på nett
Kvar torsdag i oktober vil det også vera Drop-In datahjelp på Odda Frivilligsentral frå kl. 10.00 – 13.00.
Kursrekke November 2018:
- Tysdag 06. november, k. 12.00 – 15.00
- Tema: Grunnleggjande bruk av nettbrett
- Tysdag 13. november, kl. 12.00 – 15.00
- Offentleg informasjon på nett
- Tysdag 20. november, kl. 12.00 – 15.00
- Grunnleggjande bruk av nettbrett
- Tysdag 27. november, kl. 12.00 – 15.00
- E-post
Kvar torsdag i november vil det også vera Drop-In datahjelp på Odda Frivilligsentral frå kl. 10.00 – 13.00.
Kursrekke Desember 2018:
- Tysdag 04. desember, k. 12.00 – 15.00
- Tema: Grunnleggjande bruk av nettbrett
- Tysdag 11. desember, kl. 12.00 – 15.00
- Sosiale media
- Tysdag 18. desember, kl. 12.00 – 15.00
- Repetisjon av innmeldte tema
Kvar torsdag i desember vil det også vera Drop-In datahjelp på Odda Frivilligsentral frå kl. 10.00 – 13.00.