Tilsetjing av HR – prosjektstilling

I starten av juli vart det lyst ut prosjektstilling HR for samanslåinga av Ullensvang kommune.

Dette er ei spennande og sentral stilling i samanslåingsprosjektet. Stillinga inngår i den nye kommunen, då plassert i rådmann si leiargruppe.

Eivind Gregersen har fått tilbod om HR-prosjektstilling og takka munnleg ja til stillinga.

Det var ni gode søkarar til stillinga, noko tilsetjingsutvalet var veldig nøgd med. Tilsetjingsutvalet som består av tre tillitsvalde og prosjektleiar valde ut kandidatar som vart kalla inn til intervju. Og intervjurunde er gjennomført no dei to siste vekene.

Etter intervju har Eivind Gregersen som er Kommunalsjef HR i Ullensvang herad fått tilbod om stillinga, og han har munnleg takka ja.

Me gratulerer Eivind Gregersen med stilling i Ullensvang kommune!