Felles rådmann i Odda og Ullensvang

Onsdag 22. august var det ekstraordinært kommunestyremøte i Odda. Sak til handsaming var ivaretaking av rådmannsfunksjonen i Odda no når rådmann Ole-Jørgen Jondahl går over i stilling som prosjektleiar/rådmann for Ullensvang kommune.

 

Ekstraordinært heradsstyremøte måndag 27. august – vedtak om felles rådmann for dei to kommunane.

I Odda kommunestyre vart det lagt fram sak der forslag til løysing var avtale om felles rådmann for Odda kommune og Ullensvang herad i perioden 01.09.18 til 31.12.19. Kommunestyre skulle ta standpunkt til tilsetjing av Magnus Steigedal som rådmann i 50 % stilling, fellesstilling med Ullensvang herad, for perioden fram til kommunesamanslåinga i 2020. Kommunestyret i Odda var samrøystes positiv til løysing.

Ullensvang heradsstyre hadde same sak oppe til handsaming i sitt ekstraordinære heradsstyre måndag 27. august – her vart det også gjort vedtak om felles rådmann for dei to kommunane.

Etter vedtak i Odda kommunestyre og Ullensvang heradsstyre ser Magnus Steigedal fram til å starte opp som felles rådmann og bli betre kjend med administrasjon og folkevalde også i Odda. Samt vidare samarbeid om kommunesamanslåinga med prosjektleiar/rådmann Ole-Jørgen Jondahl for Ullensvang kommune.

 

“Felles rådmann for to av kommunane som skal slå seg saman frå 2020 vil og kunna styrkja prosjektarbeidet for dei to kommunane, kunnskap på tvers av kommunane og mogleggjera synergiar som kan løysast ut i prosjektperioden”

– frå saksframlegg.

 

Les saksframlegg og vedtak: