Personvernombod for dei tre kommunane

Cato Underhaug er tilsett som personvernombod for dei tre kommunane og startar opp i stillinga 3. september.

 

Kven er så Cato Underhaug?

Cato Underhaug – nytilsett Personvernombod for dei tre kommunane.

Eg reknar meg som Jondøling sjølv om målføre ikkje kan bortforklarast, den er avslepen bergensk.

Historia mi er kort fortalt at fram til eg flytta til Jondal i 2010 har eg jobba i ulike bankar og finans selskap som DnB, Trygg og SBanken. Eg har hatt mange forskjellige funksjonar både som leiar og medarbeidar. Eg har òg drive med coaching og selt bilar for Møller gruppa.

Eg har vore tilsett som økonomikonsulent ved Økonomikontoret i Jondal kommune frå 2011. I dag har eg ein halv stilling som økonomikonsulent i Jondal kommune ved sida av 50 % Personvernombod stillinga.

Fritida mi går med til å lufte hunden – ofte i fjella rundt Jondal – både sommar og vinter. Syslar òg med fiske i fjorden, samt vedlikehald av hus og hytte, eg likar å halde på med fysiske «arbeidsoppgåver» i fritida mi.

Eg har nett gitt meg som fotballtrenar som har vore den store aktiviteten dei siste 35 åra. No har eg planar om å trene meg sjølv dei næraste åra.

 

Eg ser fram til å starta som Personvernombod! Det ser eg på som særs interessant fagfelt og eg gleder meg til å bli kjend med nye kollegaer rundt i dei tre kommunane.