Bustadseminar

Jondal, Odda og Ullensvang samarbeider om eit felles Bustadseminar i Odda torsdag 20. september. Seminaret er delt i to der føremiddagen er retta mot tilsette i kommunane, administrasjon og politikarar. Del to,  ettermiddagen, er open for alle innbyggjarane i dei tre kommunane.

 

Med bustadseminaret ynskjer ein å informere og gje råd om kva ein bør tenkje på ved bustadutforming og kva støtteordningar som finst. Seminaret er like aktuelt for deg som er ung, midt i livet og eldre – det er lurt å planleggja for at ein skal kunne bu i bustaden sin så lenge ein ynskjer.

Byggje ny bustad? Flytte? Eller byggje om? – då er Bustadseminaret noko for deg!

 

BUSTADSEMINAR – Torsdag 20.09.18

Sentralbadet litteraturhus i Odda

Del 1 – kl. 11:30 til 15:00

Del 2 – kl. 16:30 til 20:00

Ope for alle – ingen påmelding!

 

Noko du lurar på?

  • Jondal kommune, Maren E. Miille, mob: 473 61 915
  • Odda kommune, Gunnvor Medhus, mob: 975 58 407
  • Ullensvang herad, Kjellrun Tveisme, mob: 947 84 165

 

Program

Del 1 – kl. 11:30 til 15:00

  • Velkomen
  • Bustadplanlegging i Ullensvang kommune, v/ Kristian Bondhus-Jensen, Plansjef Odda kommune
  • “Kvifor i all verda skal ein flytta frå frukttre og trapper? Fysisk aktivitet og fellesskap heile livet” v/ Tobba Therkildsen Sudmann, Høgskulen på Vestlandet

Pause, frukt og kaffi

  • Husbankens økonomiske verkemiddel for tilpassing av bustad v/ Britt-Nina Borge, Husbanken
  • Universell utforming, tilgjengeleg, funksjonell og estetisk bustad v/ Torben Tøsse Blindheim, Husbanken

Pause og kaffi

  • Råd og tips i høve tilrettelegging av bustad v/Trine Ure, Rådgjevar NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland

Del 2 – kl. 16:30 til 20:00

  • Velkomen v/Roald Aga Haug, Ordførar Odda kommune
  • Bustadplanlegging i Ullensvang kommune v/ Kristian Bondhus-Jensen, Plansjef Odda kommune
  • “Kvifor i all verda skal ein flytta frå frukttre og trapper? Fysisk aktivitet og fellesskap heile livet” v/ Tobba Therkildsen Sudmann, Høgskulen på Vestlandet

Pause, frukt og kaffi

  • Husbankens økonomiske verkemidlar for tilpassing av bustad v/ Britt-Nina Borge, Husbanken
  • Universell utforming, tilgjengeleg, funksjonell og estetisk bustad v/ Torben Tøsse Blindheim, Husbanken

Pause og kaffi

  • Råd og tips i høve tilrettelegging av bustad v/ Trine Ure, Rådgjevar NAV Hjelpemiddelsentral Hordaland