Utlysing av prosjektstilling HR

Å skapa ein ny kommune skal vera prega av likeverd, vidsyn og gjensidig forståing. Den nye kommunen skal utviklast og driftast med utgangspunkt i dei tidlegare kommunane sine fortrinn og sterke sider, men og ta inn over seg utfordringane i framtida. Ullensvang kommune skal organiserast slik at den kan møta framtida sine utfordringar og krav til tenesteutøving til innbyggjarane på ein god måte.

 

Søknadsfrist: 10. august 2018

 

Me ser etter ein person med:

  • Kunnskap om og erfaring frå omstillingsarbeid i større organisasjonar, og frå endrings- og utviklingsarbeid
  • Relevant høgare utdanning.
  • Erfaring frå kommunal forvaltning, og kunnskap om lov- og avtaleverk er påkrevd.
  • God organisasjonsforståing, og forståing for roller og mandat.
  • Sammenslåinga er ein verksemdsoverdraging etter Arbeidsmiljølovens bestemmelser – ha innsikt i, forståing for og kunnskap om arbeidsrett, forhandling, lov/forskrift/avtaleverk i kommunal verksemd.
  • Handlekraftig – ein som sikrar framdrift, visar at han/ho kan leia og gjennomføra dei trinna som er naudsynt i samanslåingsprosessen.
  • HR-sjefen skal gi råd, rettleia og støtte til leiar i dagens tre organisasjonar og til dei som blir tilsett som leiarar i Ullensvang kommune.
  • Strategisk planleggingsarbeid og utvikling av felles system og løyingar for heile den nye organisasjonen.
  • Evne til samarbeid, relasjonsbygging og god dialog
  • Ein lagbyggjar – av og i den smidige organisasjonen, der motivasjon, meistring og læring vert lagt vekt på.
  • Kunnskap og erfaring knytt til digitalisering og bruk av digitale verkty.

 

Me tilbyr ein prosjektstilling i bygginga av Ullensvang kommune

  • Ein spanande sentral stilling i samanslåingsprosjektet
  • Rapporterer direkte til prosjektleiar – samhandlar med dei tre kommunane
  • Stillinga inngår i den nye kommunen, då plassert i rådmann si leiargruppe
  • Vil vera ein viktig rolle for samhandlinga med organisasjonane
  • Løn etter avtale

 

For spørsmål vedrørande stilling – kontakt:

Mellombels prosjektleiar (fram til 1. august) Ingjerd Astad – ingjerd.astad@ullensvang.kommune.no  eller prosjektleiar/rådmann (frå 1. august) Ole-Jørgen Jondahl – ole.jorgen.jondahl@ullensvang.kommune.no / mob: 97558471

 


Søknadsfrist: 10. august 2018

 

Søknad skal sendast til:

Per brev: Odda kommune, Opheimsgt. 31, 5750 Odda

E-post: e-post@odda.kommune.no

Ingen søknadskjema til stilling!