Sommarsamling

Onsdag 27. juni var det samling for administrative arbeidsgrupper; hovedarbeidsgrupper og undergrupper. Det var mange invitert til samling, men på grunn av ferieavvikling og sein innkalling vart det til slutt 60 stykk som deltok.

 

Engasjerande gruppearbeid.

MEN dei som møtte på samling fekk delta på engasjerande gruppearbeid og hadde gode diskusjonar. Negativ folketalsutvikling – Kva skal til for at DU har lyst å bu i vår kommune? Byråkrati/sakshandsaming – Korleis kan me verta meir tilgjengelege – meir effektive – involvera innbyggarane meir? Kvar gruppe fann sin “floke” eller sitt problemområde dei diskuterte ut frå. Samtalar rund årsakar, relaterte problem og konsekvensar av floken; engasjementet var på plass og stemninga var god. Dette var ein kreativ avslutning for arbeidsgruppene på fase 2 og me ser fram mot fase 3.

PS! Prosjektorganisasjonen har fått mange tilbakemeldingar på at tidspunkt for samling passa dårleg, samt at innkalling til møte kom i seinaste laget – me tar til oss dette og skal forbetre dette til dei neste samlingane me planlegg.

God sommar!