Ny prosjektleiar/rådmann har ordet

“Fellesnemda har tilsett Ole-Jørgen Jondahl som prosjektleiar/rådmann for Ullensvang kommune. Jondahl skal byrja i stillinga 1. august.”

Eg gler meg til å ta fatt på oppgåva som prosjektleiar/rådmann for Ullensvang kommune. Det er ei stor og arbeidskrevjande oppgåve som eg er audmjuk for å ta fatt på.

 

Dei viktigaste oppgåvene slik eg ser det vil vera å:

  • Foto: Synnøve Nyheim, HF

    Følgja opp intensjonsavtale og styringsdokument.

  • Ha fokus på ein kommune der by og land skal fungera godt saman.
  • Vera tydeleg på rolla mi som prosjektleiar/rådmann for heile den nye kommunen.
  • Forankra nynorsk i leiargruppa, satsa på god opplæring og motivera til god målbruk.
  • Samarbeida tett med dei tillitsvalde.
  • Vidareføra og halda framdrift i prosjektarbeidet.
  • HR-ressurs på plass i prosjektstaben.
  • Setja hovudadministrativ struktur og leiargruppa.

 

Me er på veg mot den nye kommunen:

Ei viktig oppgåve vil vera å tryggja alle inn i den nye kommunen. Det vil vera ei krevjande tid frametter, vi skal drifta og byggja nytt parallelt. Arbeidet med å etablera felles organisasjonskultur skal vidareførast. Den nye kommunen vil vera avhengig av næringsutvikling, eit viktig fundament i ein kommune.

Vi skal byggja ein ny kommune, og forvalta midlane til beste for innbyggjarane, for å sikra gode og likeverdige tenester til alle. Det er viktig og frametter å sikra ein god og sunn kommuneøkonomi.

3 kommunar skal verta ein, for å skapa noko nytt må vi klara å ta med oppdrifta og dei gode sidene frå alle dei tre inn i den nye kommunen.

 

Kven er Ole-Jørgen?

Eg er ein tydeleg leiar med fokus på lagspel; inkluderande, synleg, målretta, motivert, relasjonsorientert, brukar humor positivt, med utviklingsorientering. Drift og utvikling går hand i hand med meg på laget. Eg har lang erfaring frå kommunal verksemd som leiar på ulike nivå, har vore hovudtillitsvald i 5 år, og skal bruka desse erfaringane mine for å gjera mitt beste for å utvikla ein framtidsretta Ullensvang kommune der det er godt å bu, arbeida og etablera verksemd saman med dykk. Eg vil ha kontordagar i alle dei tre kommunehusa, og vil vitja alle arbeidsplassane for å gjera meg kjend med dykk medarbeidarar og arbeidsplassen dykkar.

Eg ser fram til å arbeida på lag med dykk i Ullensvang kommune!

 


 

Fellesnemnda for Ullensvang kommune har tilsett Ole-Jørgen Jondahl som prosjektleiar/rådmann

 

Innstilling til Fellesnemnda i tilsetjingssak prosjektleiar/rådmann

 

Ullensvang kommune søkjer prosjektleiar / rådmann for den nye kommunen