Frå fase 2

Dei siste månadene har det vore mange arbeidsgrupper i sving, der fokus har vert arbeidet i fase 2. I fase 1 var hovudfokus å kartleggje tenestene i kommunane slik dei vert drifta per i dag, medan fase 2 har hatt fokus på framtida sine tenester i Ullensvang kommune. Oppdraget i arbeidsgruppene har vore å vurdere innhald, organisering, struktur og lokalisering for dei ulike tenesteområda. Intensjonsavtalen har gitt dei overordna føringane for arbeidet.

 

Det er eit imponerande arbeid som er lagt ned dei siste månadane! Svært mange av dei som har tatt del i arbeidsgruppene melder om at det har vore utrolig interessant å få vera med å meisle ut tenesteområda i ny kommune. Likevel har den store utfordringa, for alle arbeidsgrupper, vore å finne TID til å gjennomføre oppdraget.

 

Prosjektleiar saman med hovudarbeidsgruppa for kultur og innbyggerinteraksjon.

Undervegs i arbeidet i fase 2 har leiarane av hovudarbeidsgruppene hatt jamnlege møter med prosjektleiar. I fellesnemnda sitt møte i juni, fekk representantane ei orientering om korleis arbeidet har gått. I løpet av sommaren og tidleg haust vil prosjektleiar samanfatte det arbeidet som arbeidsgruppene har levert, og gjere ei heilskapleg vurdering og anbefaling om korleis me best mogleg kan rigge tenestene i den framtidige kommunen.

 

Arbeidsgruppene går frå hausten av inn i ei ny spanande fase. Då med å sjå på korleis tenestene faktisk kan utøvas, og gjennom det leggje grunnlag for at innbyggjarane kan få gode likeverdige tenester frå fyrste dag i ny kommune. Å byggje ny kommune er ein svært omfattande prosess, og planlegging er viktig. Likevel – det aller viktigaste me gjer, er å hugse at dette handlar om oss menneskjer. Livet vert levd i kommunen – og kva innhald til innbyggjarane sitt liv er det me som jobbar i kommunen faktisk ynskjer å bidra til?! Om me saman jaktar på dette, betyr det at me jobbar på sjølve intensjonen; Å skapa ein ny livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.