Oppdatert: Styringsdokument og prosjektplan – versjon 4.1

Styringsdokument og prosjektplan – versjon 4.1

Prosjektplan skal gje føringar og retning for prosjektarbeidet fram mot etableringa av nye Ullensvang kommune 2020. PSU og fellesnemnda har handsama saka om prosjektplan tidlegare og fellesnemnda har fatta vedtak om tidlegare versjonar av prosjektplanen, sist i sak 024/17.

Som tidlegare nemnt er prosjektplanen å sjå på som eit levande dokument som etter behov kan endrast undervegs i prosessen Denne reviderte utgåva av planen inneheld ikkje dei store endringane, men er oppjustert med dei endringar som er vedteke og som ein kjenner til nå. Det vil truleg også kome ein ny versjon hausten 2018, etter at dei administrative arbeidsgruppene er ferdige med sitt arbeid i fase 2 og 3.