Politisk og administrativ organisering for Ullensvang kommune

I samband med etableringa av nye Ullensvang kommune har fellesnemnda tatt stilling til kva for politisk og administrativ organisering som skal utgjere grunnlaget for den nye kommunen. I fellesnemnda 15.06.18 var den overordna administrative organiseringa, samt politisk organisasjonsstruktur i fokus.

 

Organisasjonsstrukturen – både politisk og administrativt – vil vere ramma for arbeidet med framtidig samfunns- og tenesteutvikling kor innbyggjar og bruker blir inkludert og teke med. Ei tydeleg organisasjonsbeskriving der ansvar og mynde er tydeleggjort, legg grunnlaget for god gjennomføringsevne og ein handlekraftig organisasjon.

 

“I den framtidige kommunen vil samskaping og utvikling av gode arenaer for medverknad stå sentralt.”

 

Administrativ organisering

Hovudarbeidsgruppa “Administrativ organisering, stabsfunksjonar og utvikling av organisasjonen” har arbeidd fram forslag til overordna administrativ organisering i den nye kommunen. Framlegget er sendt til dei andre administrative hovedarbeidsgruppene for å få innspel og dialog rundt korleis dei ser for seg den overordna strukturen. Arbeidet er og gjort i tett samarbeid med undergruppene HR/personal, Økonomi, Arkiv og Teknologi.

 

Hovudarbeidsgruppa “Administrativ organisering, stabsfunksjonar og utvikling av organisasjonen”:

  • Reidar Isdal, Jondal, ADM
  • Ole-Jørgen Jondahl, Odda, ADM
  • Magnus Steigedal, Ullensvang, ADM
  • Rannveig Mannsåker, Odda, TV FF
  • Kjellrun Tveisme, Ullensvang, TV Delta
  • Per Gunnar Hammer, Jondal, TV NITO

 

Det er mange omsyn ein skal ta når ein organiserer ein kommune.  Det at prosjektet får på plass val av modell for organisering, er viktig i forhold til dei oppgåvene som står att i prosjektperioden. Innhaldet i de ulike områda vil det bli arbeidd vidare med etter at fase 2 i prosjektet er ferdig og lagt fram for PSU/fellesnemnda, samt vidare når leiargruppa for den nye kommunen er kome på plass utover hausten 2018.

Les heile saksframlegg her.

 

Overordna administrativ organisering:

 

Politisk organisering

Det er hovudarbeidsgruppa “Politisk hovedstruktur og politisk reglement” som har stått for utgreiing av den politiske organiseringa. Gruppa rapporterer direkte til fellesnemnda, dette i hht vedtak i sak 028/17 i fellesnemnda.

 

Hovudarbeidsgruppa “Politisk hovedstruktur og politisk reglement”:

  • Elin Eide Brattabø, Jondal, Politikar – leiar
  • Nils Petter Freim, Odda, Politikar
  • Ingvild Hauso, Ullensvang, Politikar

 

Når modell for politisk organisering er valt, vil hovudarbeidsgruppa Politisk hovedstruktur og politisk reglement kunne utgreie innhaldet i politisk reglement, og på den måten legge grunnlaget for å kunne utarbeide forslag til delegering frå kommunestyret, for den nye kommunen.

Les heile saksframlegg her.

 

Hovudstruktur for politisk organisering:

 

I tillegg til hovudstrukturen vert følgjande råd og utvalg oppretta i nye Ullensvang kommune:

  • Eldreråd
  • Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
  • Ungdomsråd
  • Grendautval for Røldal, Kinsarvik, Utne og Jondal
  • Valstyre

Det vart også gjort vedtak om at fellesnemnda skulle få lagt fram sak om organisering og mandat for grendautval til hausten av ny prosjektleiaren og arbeidsgruppa .

 

Både politisk og administrativt vil det vere naturleg å byggje ein organisasjon som vil støtte opp under evna til å utvikle heilskaplege løysingar på tvers (internt og i samarbeid med andre aktørar), og understøtte innovasjons- og utviklingsevne for å realisere potensialet og nytteverdien for kommunen sine innbyggjarar.