Ei viktig brikke i kommenen sin helse- og sosialteneste

“Odda satsar på Contact, vil gje det beste tilbodet til innbyggjarane.”

 

Han er forkjemper for teknologi som gjer dei kommunale tenestene endå betre. IKT-leiar Andreas Sigvaldsen i Odda kommune har ord på seg for å vera ein slags IT-general. Det er han stolt av. Men, som han seier: Ikkje noko hadde vore mogleg utan støtte frå kommunen sin framsynte helse- og sosialsjef og politikarane.

 

Bilete henta frå artikkel på continyou.no

Slik innleiar Continyou artikkelen om Odda kommune si satsing på helseklokka Contakt som er utvikla og produsert i Noreg. Bruk av helseklokka har vert eit ledd i Odda kommune si satsing på velferdsteknologi. Mange eldre menneske ynskjer å bu lenger i eigen bustad, og velferdsteknologi kan tilretteleggje for dette ved å gjere dei i stand til å meistre eige liv og helse. Velferdsteknologi gir også ein meir effektiv ressursbruk i helse- og omsorgstenesta, noko som gir ein vinn-vinn situasjon for brukarane så vel som for kommunen.

Prosjektet er no kome så lagt at det er utvida til å omhandle alle dei tre kommunane Jondal, Odda og Ullensvang. Det faglege ansvaret for prosjektet har Ullensvang herad fått ved Jørgen Lerik Ninn, områdeleiar aust – Pleie og omsorgstenesta.

 

Les heile artikkelen på Continyou si heimeside.