Overordna Digitaliseringsstrategi for Ullensvang kommune

Målsettinga med samanslåinga av kommunane Jondal, Odda og Ullensvang er; Å sakpa ein ny, livskraftig og attraktive kommune i Hardanger. Intensjonen med ein eigen digitaliseringsstrategi er å sikra at Ullensvang kommune får ein overordna strategisk plan for digitalisering som vil setja organisasjonen i stand til å gjera godt funderte digitale vegval i tida som kjem.

 

Innbyggjarane i dagens kommunar er på veg til å verta gode brukarar av digitale arbeidsflater og verkty. Dette vil utfordra kommunane til å kunna tilby elektroniske tenester i større grad i tida som kjem. Å ha solid infrastruktur og strategiar for digitalisering vil verta ein sentral del av arbeidet til kommunen med å gje innbyggjarane eit best mogleg tenestetilbod.

For å sikra ein best mogleg disponering av investeringar knytt til området, ser prosjektleiaren det som særs viktig å sikra kommunen eit best mogleg grunnlag gjennom overordna strategiar knytt til digitalisering. Dette vil òg setja Ullensvang kommune istand til å satsa heilskapleg, ikkje stykkevis og delt gjennom sektorielle satsingar.

Den overordna Digitaliseringsstrategien som er laga føl dei statlege og fylkeskommunal føringane som er lagt for kommunikasjon framover gjennom digitale løysingar.

 

Nye Ullensvang kommune – Digitaliseringsstrategi: