Felles kommunestyremøte i Rosendal

Måndag og tysdag denne veka var kommunestyre- og heradsstryrepolitikere, samt medlemer frå administrasjonen i dei tre kommunane/herad invitert til Rosendal for å blir betre kjend.

 

I nydelig sommarvær var det god stemning blant deltakarane som møttest i Rosendal. Rosendal Fjordhotell var einaste plassen i området som kunne ta imot ei så stor forsamling – då turistsesongen allereie er i full gang. Tilsaman 65 reprensentantar, politikarar og administrasjon, tok del i samlinga saman med mellombels prosjektleiar for samanslåinga av dei tre kommunane.

 

Flotte omgivnader for gruppearbeid. Ullensvang herad vart utfordra på å presentera Jondal sine gode sider – og det er vel lov å sei at heradet stod for den mest kreative framføringa av gruppearbeidet.

På programmet var blant anna tema som:

  • Kva har me igjen for å velga kvarandre?
  • Status i prosjektarbeidet
  • Kommunane har ordet
  • “Å skapa ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger” – Kan me lukkast med det?
  • Kva og korleis tar me vårt felles arbeid vidare?

 

Nytilsett prosjektleiar og rådmann for Ullensvang kommune, Ole-Jørgen Jondahl, vart også presentert. Jondahl startar opp i stillinga 1 august.