Innstilling til Fellesnemnda i tilsetjingssak prosjektleiar/rådmann

Tilsetjingsutvalet for Ullensvang kommune har laga innstilling til Fellesnemnda i tilsetjingssak prosjektleiar/rådmann for den nye kommunen.

 

Ole-Jørgen Jondahl vert innstilt til stillinga som prosjektleiar/rådmann for skipinga av Ullensvang kommune. Møtet i tilsetjingsutvalet fann stad fredag 11. mai.

 

Innstillinga er gjort av eit samrøystes tilsetjingsutval. Tilsettingsutvalet består av ordførarane og to tillitsvalde representantar.

 

Konsulentselskapet Mercuri Urval har bistått tilsetjingsutvalet i prosessen. Dei konkluderte med å tilrå Ole-Jørgen Jondahl til stillinga. Tilsetjingsutvalet har vurdert tilsetjinga grundig og konkludert likt med rådgjevinga frå konsulentselskapet.

 

Fellesnemnda for Ullensvang kommune tek endeleg stilling til innstillinga frå tilsetjingsutvalet i ekstraordinært møte i Fellesnemnda 22. mai, kl. 08.30 i Kinsarvik.

For tilsetjingsutvalet
Roald Aga Haug
Leiar
tlf: 97558400

 

Ullensvang kommune søkjer prosjektleiar / rådmann for den nye kommunen