Omstillingsavtale

Omstillingsavtala skal vera med på å sikre at alle tilsette i dei tre kommunane beheld jobben, og at det sikrar ein god prosess for dei som vil få endring i arbeidsoppgåver og/eller nytt arbeidsstad. Den skal vera med på å skape tryggleik og ro i prosessen, der fokuset skal vera å byggja ny kommune.

 

I samband med etablering av den nye kommunen fekk Administrativ arbeidsgruppe HR/personal (undergruppe av Administrativ organisering, stabsfunksjonar og utvikling av organisasjonen) i mandat å utarbeide ein omstillingsavtale. Gruppa hadde fylgjande medlemmer:

  • Birgitte P. Ødegaard, representant for arbeidsgjevar – Jondal kommune
  • Marianne Halland, representant for arbeidsgjevar – Odda kommune
  • Eivind Gregersen, representant for arbeidsgjevar – Ullensvang herad
  • Per Gunnar Hammer, representant for arbeidstakar – Jondal kommune
  • Rannveig Mannsåker, representant for arbeidstakar – Odda kommune
  • Kjellrun Tveisme, representant for arbeidstakar – Ullensvang herad

 

Omstillingsavtale for kommunane Jondal, Odda og Ullensvang

Avtalen har som mål å sikre ein føreseieleg omstillingsprosess for alle kommunane sine tilsette, og byggjer på arbeidsmiljølova, hovudavtalen og hovudtariffavtalen. Omstillingsavtala kjem i tillegg til arbeidsmiljølova kap. 16 om verksemdoverdraging, som mellom anna sikrar dei tillitsvalde sine rettar til å verta inkludert i prosessen.

 

Arbeidsgruppa har utarbeidd eit forslag til omstillingsavtale på bakgrunn av fleire arbeidsgruppemøte i HR/personal, høyringsrunde i alle kommunar og drøftingsmøte med arbeidstakarorganisasjonane. Innkomne innspel underveg i prosessen er tatt med i ny avtale og eit sentralt punkt som vart endra på var forlenging av avtaleperioden til 31.12.22. Årsaka til dette var å ha betre tid med prosessen, og sikre rettar og plikter for dei tilsette fram til 2022. Og behalda kompetente medarbeidarar vidare i prosessen.

 

Omstillingsavtalen var oppe som sak i fellesnemnda 27.04.18 og vart godkjend slik den vart lagt fram: Omstillingsavtale – for kommunane Jondal, Odda og Ullensvang

 

Dei tre kommunane etablerte frå signaturdato eit felles omstillingsutval. Omstillingsutvalet består av dei tre rådmennene eller den dei oppnemner frå arbeidsgjevarsida. Arbeidstakarrepresentantane i kommunane vel ein tillitsvald frå kvar kommune til å reprensetere dei tilsette i omstillingsutvalet. Det skal utarbeidast eige reglement for omstillingsutvalet.

 

Omstillingsutvalet har følgande medlemmer:

  • Birgitte P. Ødegaard, representant for arbeidsgjevar – Jondal kommune
  • Marianne Halland, representant for arbeidsgjevar – Odda kommune
  • Eivind Gregersen, representant for arbeidsgjevar – Ullensvang herad
  • Per Gunnar Hammer, representant for arbeidstakar – Jondal kommune
  • Rannveig Mannsåker, representant for arbeidstakar – Odda kommune
  • Grete Hamre, representant for arbeidstakar – Ullensvang herad

Vara:

  • Siv Digerbrekke, vara representant for arbeidstakar – Jondal kommune
  • Terje Mikkelsen, vara representant for arbeidstakar – Odda kommune
  • Silje Selvær, vara representant for arbeidstakar – Ullensvang herad