Møte i fellesnemnda 27.04.18

27. april var det møte i Fellesnemnda i Ullensvang kommune i kommunestyresalen i Jondal. Møteinnkalling, saksframlegg og protokoll etter møte finn du her.

 

Saksliste:

  • Skjønsmidlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane – 2018
  • Fastsetting av valgdag for kommunestyre- og fylkestingsvalg 2019
  • Justering av reglement for fellesnemnd og PSU
  • Orientering frå fase 1 i kartleggingsarbeidet
  • Omstillingsavtale Ullensvang kommune
  • Risiko- og sårbarheits analyse for samanslåingsprosjektet – ny behandling
  • Digitaliseringsstrategi Ullensvang kommune – ny behandling
  • Eigedomsskatt i Ullensvang kommune – val av utskrivingsalternativ
  • Kyrkeleg fellesnemnd – søknad om midlar til kurs for prosjektleiar

 

Ungdomsråda

Representantar frå Jondal og Odda ungdomsråd deltok på møte i fellesnemnda.

Ungdomsråda i kommunane var også invitert til fellesnemnda. Leiar i Jondal ungdomsråd Tiril Eiken og leiar i Odda ungdomsråd Ellen Marie Mastelero Strand møtte, medan ungdomsrådsrepresentant frå Ullensvang  herad måtte melde fråfall.

Ungdomsråda var utfordra på å sei noko om deira tankar rundt “Framtidas kommune”. Dei sette fokus på desentralisert skuletilbod, viktigheita med kultur og at ungdomsråda ville ha ei stemme inn i kommunesamanslåinga – dei ville bli tatt med og høyrd!

Innlegget frå Ungdomsråda vart godt motteke frå fellesnemnda, der fleire representantar rosa dei for gode innspel, engasjement og initativ. “De er gode rollemodellar for nye Ullensvang kommune – det er de som er framtida, sa ordførar i heradet Solfrid Borge.”

Korleis dei tre ungdomsråda skulle involvera vart så tema. Det kom forslag om eit felles møte for dei tre ungdomsråda, noko mellombels prosjektleiar Ingjerd Astad skulle ta ansvar for. Elin Eide Brattabø leiar for den politisk hovudarbeidsgruppe; Politisk hovudstruktur og politisk reglement, fortalde at Ungdomsråd var ein av tinga dei hadde diskutert og ville jobbe vidare med i arbeidsgruppa.

 

Digitaliseringsstrategi i Ullensvang kommune

Therese Kolltveit presenterer Digitaliseringsstrategi i helse

I sak 012/18 vedtok fellesnemnda å sende forslag til digitaliseringsstategi ut på høyring i dei tre samanslåingskommunane. Jondal  kommune har kome med høyringsinnspel, som skal innarbeidast i digitaliseringsstragien no i ettertid.

Intensjonen med ein eigen digitaliseringsstrategi er å sikra at Ullensvang kommune får ein overordna strategisk plan for digitalisering som vil setja organisasjonane i stand til å gjera godt funderte vegval i tida som kjem.

 

Då digitaliseringsstrategien skapte mykje engasjement på sist fellesnemndsmøte vart det presentert kva digitalisering er for dei ulike sektorane på ein oversiktleg måte. Magnus Steigedal presenterte kva tiltak Ullensvang herad hadde satt i verk dei siste åra i fellestenestene i forhold til digitalisering. Therese Kolltveit sa noko om Odda kommune si E-helse satsing, og Ole Jørgen Jondahl kva tiltak som var sett i verk innan oppvekst.

 

Dokument: