Hovudgruppe
Namn | Kommune | Rolle | Funksjon i gruppa |
Olaug Værland | Jondal | ADM | |
Morten Vevatne | Odda | ADM | |
Inger Sekse | Ullensvang | ADM | Leiar |
Terje Mikkelsen | Odda | TV UDF | |
Siv Digrebrekke | Jondal | TV FF | |
Silje Selvær | Ullensvang | TV UDF |
Undergrupper:
- Barnehage
- Skule
- PPT/logoped
- Vaksenopplæring (VO)
Spørsmål eller innspel til Administrativ arbeidsgruppe for Oppvekst og utdanning? Ta kontakt med Inger Sekse – inger.sekse@ullensvang.kommune.no
Fase 1 – Oppvekst og utdanning – Inger Sekse har ordet
Hovudarbeidsgruppa samarbeider godt og avtala oppgåver vert gjennomført. Gruppa gjennomførte det meste av kartleggingsarbeidet i fase 1 sjølv, men med god hjelp av andre tilsette. Gruppa er motivert for arbeidet og me har gode diskusjonar. Det har vore ei utfordring at medlemene har stort arbeidspress og me har vore litt usikre på korleis me skulle gjennomføra kartleggingsarbeidet. Litt frustrasjon har det også vore med nytt datasystem. Har alle fått innkallingar til møte? Kvar ligg informasjonen? Korleis brukar me nytt system?
Me har lært at ved prosjekt vert vegen til medan du går – og det kan vera frustrerande!
Det er viktig å ha fokus på samanslåinga på alle personalmøte – både info, spørsmål og diskusjon.
Me må også ha gode rutinar og system på informasjon mellom hovudarbeidsgruppa og undergruppene.