Dialogmøte – kultur og identitet

Korleis bygge ein ny kommune? Det er heilt opp til dei som bur der. Jo – faktisk – det er akkurat slik det er. Det er innbyggarane som får den kulturen de fortener. Ved å vera aktiv skaper ein kultur i møte mellom frivillige, private og kommunen.

Hovudarbeidsgruppa for kultur og innbyggarinteraksjon inviterte til dialogmøte på Meieriet Kulturhus i Odda. Alle kulturmennesker som vil medverke til å bygge den nye Ullensvang kommune vart invitert til møte.

Les meir om dialogmøte på Odda kultur sin blogg.

 

Det er planlagt to dialogmøter til med gruppa for Kultur og innbyggarinteraksjon; så sett av ettermiddagene 7. og 22. mai. Ope for alle! Tid og stad kjem ein tilbake til!