Bli med og bygg den nye kommunen!

Når: Måndag 9. april kl 18:00 – 20:00
Kor: Meieriet kulturhus i Odda
Kven: Alle kulturmennesker som vil medverke til å bygge den nye Ullensvang kommune.

Hovudarbeidsgruppa for kultur og innbyggarinteraksjon vil treffe alle kulturelle
enkeltpersonar og lag og organisasjonar. Me vil diskutera kultur, aktivitetar, idrett, festivalar,
konsertar, frivillig arbeid og kreativitet.

Kultur skapar identitet. Ein person kan vera født i Odda, vakse opp på Utne, bu på Herand,
vert ein del av Ullensvang kommune, er ein del av Hardanger, på vestlandet i Noreg. Kultur
er mykje. Kven er me? Kor vil me? Kva vert me?

 

Saksliste

Orientering om arbeidsgruppa sin oppgåver og kartlegginga

 

Dialog

● Kva rolle har kultur og frivillig arbeid i dagens kommunar?
● Kva rolle har kultur og privat sektor i dagens kommunar?
● Kvalitet: Amatørkultur vs. profesjonskultur
● Kva rolle bør kultur og idrett ha i den nye kommunen?
● Korleis bør kultur medverke til å byggje ein ny kommune?

 

Tema for refleksjon

Hovudarbeidsgruppa for kultur og innbyggarinteraksjon med midlertidig prosjektleiar Ingjerd Astad

● Store festivalar – små aktivitetar
● Aldersgrupper – barn og unge og rullatorfestival
● Oppleve, delta eller skape?
● By og bygd
● Arenaer – kva for kulturscener har me?
● Friluftsliv og turisme
● Kultur og næring

 

Ope for alle!